Haust i Dalsfjord

Sommarsesongen er no over. Vår formidlar Arnt-Ove Wiik har holdt ope museet kvar søndag i ferien.
For tida har arbeider vi med formidling til skuleungdommar, gjenstandsregistrering og utstillingar.
Bilete over syner formidling i Flåværleia, der alle 10. klassene i Herøy har fått ein dag i leia.
Vi fortsetter ordninga med å halde museet ope etter avtale.

Neste opningsdag vert søndag 11. september kl. 12-17. Her kan ein sjå film, utstilling, samt få kjøpt seg kaffi og sveler.
Klokka 17 vert det arrangert Allsang ved Fyrlykta kulturhus.

Hjarteleg velkomne.

Sommarope museum

Søndag 15. mai byrjar sommarsesongen. I år held me ope på søndagar kl 12 til 16.

Arnt Ove Wiik vil også denne sommaren vere guide i fyrhistoria.

Hjarteleg velkomen.

Tåkelur i utstillinga

Vi har sett opp ein tåkelur i utstillinga.

Denne typen tåkelur er sjeldan i Norge då den er laga for å sende lyd i to retningar. Dei fleste av denne typen var sett opp i Oslofjorden. Lyden skulle gå både ut og inn fjorden.

Vi har ikkje laga eit fullt tåkeluranlegg då dette vil vere for krevjande å drifte.

I videoen ser ein handverkar Øyvind Havåg setje opp tåkeluren, saman med elektrikaren.

Det skal ihvartfall ikkje stå på lyden neste gang du vitjar Dalsfjord.

Arbeid med gjenstandar

Dalsfjord Fyrmuseum arbeider for tida med å rydde i eit gamalt "Fyrvesen oplag" og plukkar ut gjenstandar det er verdt å take vare på. Vi ønskjer å ha eit representativt utval med gjenstandar som vi kan nytte i å formidle vår felles historie. Førebels er det mykje pakking og få gjenstandar på pallar. Vi gleder oss til å få dei i "hus". Blant gjenstandane er den gamle fyrlinsa frå Skalmen fyr 1907. Det vert litt av eit puslespel å sette linsa saman.

I denne omgang pakkar og fraktar vi gjenstane. Vi reknar med å starte arbeidet med registrering og digitalisering mot slutten av 2016.